Meny
Framside
LINKAR
Kirkens SOS
Tripp Trapp Klubben
Bjørgvin bispedøme
Kyrkja.no
Aktivitetar
Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  


http://samnanger.kirkene.net/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png








Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg 
opningstid  man-tys. og tors-fre. frå kl 10.00 - 14.00.
 

Gåver til:                            
Trusopplæringa:
3562 07 01910

Haga kyrkje:
3562 71 03172

Ådland kyrkje:
3530 20 80664

Skuleprosjekt i Zambia:
3530 21 38786



  Utskriftsvennlig side

Haga kyrkje

Gamal ide - nytt hus for allsidig bruk. Kyrkja på Haga vart vigsla i 1995. Det tok ikkje så mange år frå endelege planar for huset var ferdige, til bygget stod der, men ideen var slett ikkje ny!
Undersbo15


Alt i 1920-åra var det snakk om å byggja eit kyrkjebygg på "hi sida av fjorden". 
Då Tysse bedehus vart vigsla til kyrkjebruk, var det snakk om ei "mellombels løysing" (som varde i over 75 år!) Tysse kyrkjeforeining vart skipa i 1944. Det var dei som skaffa kyrkjesølv som først vart brukt då dei hadde gudstenester i bedehuset på Tysse. No har me dette sølvet i den nye kyrkja.


I 1967 gav Samnanger kommune tomt til kyrkja på Haga. Planarbeid med arkitekt Hjertholm tok til. Men først elleve år seinare gjorde kommunen vedtak om å byggja kyrkja. Pengar vart likevel ikkje løyvde, og arbeidet stoppa opp. I 1982 vart kyrkjesamskipnaden skipa, for å kunna byggja kyrkja ved hjelp av dugnad og innsamla midlar. Det tok si tid før det vart nok midlar til at bygginga kunne ta til. Men i 1991 gav kommunen det endelege klarsignalet med vedtak om å løyva pengar til kontordel, og til drift av kyrkja. Omprosjekteringar vart gjort med den same arkitekten, og bygginga kunne ta til! Mange timar dugnadsarbeid var også lagt ned, før kyrkja kunne vigslast 5. februar 1995.


Kyrkja har eit kyrkjerom som rommar om lag 200 personar. Altarbildet er eit vevd Kristusbilete laga av Aud Sørheim Myklebust. Bakre del av kyrkja kan nyttast for seg, som tre mindre kyrkjesalar eller ein stor. I peisestova er det om lag plass til 40, rundt borda. I nærleiken er det eit kjøkken. Kyrkja har dessutan kontor til dei tilsette og eit "ungdomslokale" i underetasjen.


Det vert halde gudstenester i Haga kyrkje om lag annakvar søndag. Gudstenestene her følgjer ein eigen liturgi med innslag frå "afrikansk messe" og mykje lovsong. Songen har gjerne tonefylgje av eit orkester. Det er søndagsskule for borna under dei fleste gudstenestene. Konfirmantane har sin kveld om tysdagane, elles er "Kompis" for borna etter skulen om onsdagane. Kyrkja på Haga vert elles brukt til mange ulike arrangement: konsertar, filmkveldar, små-samlingar/møte fødselsdagar og konfirmasjonar. Kjøkken med dekketøy til 80 personar, gjer også at det går an å invitera til måltid i tilknytning til arrangement i kyrkja. 



Adressa til Haga kyrkje er:
Hagabakkane 1
5650 Tysse.
 

Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER
21 Oktober
11:00 Familiegudstjeneste, Haga kyrkje
28 Oktober
11:00 Gudstjeneste, Ådland kyrkje
04 November
18:00 Gudstjeneste, Ådland kyrkje
11 November
11:00 Gudstjeneste, Haga kyrkje
25 November
11:00 Gudstjeneste, Haga kyrkje
02 Desember
18:00 Gudstjeneste i Ådland Kyrkje
09 Desember
11:00 Gudstjeneste, Haga kyrkje
16 Desember
17:00 Familiegudstjeneste i Ådland Kyrkje
24 Desember
11:00 Institusjonsandakt i Samnangerheimen
14:00 Familiegudstjeneste, Ådland kyrkje

Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
Dagens bibelord
Størst av alt
Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Samnanger Sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no