Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Foreldrekurs 0-10 år

Er du klar til å invistere litt ekstra i familielivet? Prøv dette fine kurset!

 

Kurset er for alle typar familiar, også åleineforeldre og dei som har «bonusborn».

Kvifor gå på foreldrekurs?

• Born kjem ikkje med brukarrettleiing
• Foreldrerolla er den viktigaste rolla me tek på oss i livet. 
• Foreldre møtar forvirrande mange råd om korleis ein skal oppdra borna og familielivet er under press heile tida.
• Familielivet i dag er under press. 
• Å oppdaga at me ikkje er åleine med utfordringane me møter, men få idear frå andre foreldre, kan utgjera ein stor forskjell.

Kurset går over 5 kveldar.
Det vert mat, dvd-undervisning (Nicky og Sila Lee), smågrupper og tid til prat. Gullborg og Inge Aasgaard er med og leiar kveldane.

Tema som vert teken opp:
• Byggja sterke fundament
• Møta borna sine behov
• Setja effektive grenser
• Læra sunne relasjonar
• Vidareføra dei verdiane du synest er viktige

Dato: Ein kurskveld ca kvar 14.dag. Oppstart når det er nok påmelde. 
Stad: Biblioteket på Bjørkheim, evt. peisestova i Haga kyrkje.

Info / påmelding: Gullborg K. Aasgaard.
Sms: 413 22 001. E-post: gullborg@aasgaard.in

Pris: Kr. 300,- per person eller 500 per par (deltakarhefte+mat).
Me rår alle par til å gå saman.

Arr: Samnanger kyrkjelyd.

Ta kontakt med Gullborg K. Aasgaard for meir info og påmelding.
Sms: 413 22 001. E-post: gullborg@aasgaard.in

For meir info, trykk på linken HER.

Velkommen!

Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 04-01-2019
KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: