Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Konsert med Sigrid Moldestad
Søndag 3.juni kl.19.30 i Ådland kyrkje.
Storslagen konsert søndag 3.juni kl.19.30 i Ådland kyrkje.
I kulturveka kjem Sigrid Moldestad og held konsert i kyrkja på Ådland. Ho er ein artist med sterkt forteljarhjarta og evne til å røra tilhøyrarar med vakker melankoli og leiken kraft. I september gav ho ut albumet «Vere her», og fekk strålande platemeldingar landet rundt. «Musikk for både hjerte og hjerne. Med sin særegne stemme og evne til å sprenge musikalske grenser, er Sigrid Moldestad en gave til musikken. Nå er det på tide at denne artisten blir allemannseie», sa Aftenposten. «Kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet» sa BT. Frå dei som kastar terningar har ho fått femmarar både frå NRK P1, Bergensavisen, Aftenposten, Dagsavisen m fl.
Moldestad har sin bakgrunn i felespelet og folkemusikken. Spesielt har ho fordjupa seg i tradisjonen frå heimområdet sitt, Breim i Nordfjord. Med denne arven som inspirasjon og rot, har ho utvikla sitt eige musikalske uttrykk i grenselandet mellom tradisjonar og nyskaping, folkemusikk, pop og visesong. I 2017 feira Sigrid ti år som soloartist. Ho har gjeve ut fem soloalbum på desse åra. Førre album, «Brevet til kjærleiken» , var basert på tekstar av Jan-Magnus Bruheim og vart m.a. kåra til «Årets album» av «Norsk på norsk» på NRK P1.
Gå gjerne på Spotify eller YouTube for smakebitar. Me håpar på fullt hus i kyrkja 3. juni! Billettar er alt lagt ut for sal. Link: http://ticketco.events/no. Kontantsal og Vipps ved inngangsdøra. (Kr. 250,- pr. pers.)
Vel møtt!
Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 26-04-2018 |