Meny
Framside
LINKAR
Kirkens SOS
Tripp Trapp Klubben
Bjørgvin bispedøme
Kyrkja.no
Aktivitetar
Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  


http://samnanger.kirkene.net/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png








Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg 
opningstid  man-tys. og tors-fre. frå kl 10.00 - 14.00.
 

Gåver til:   
Kyrkjelydsarbeidet:
3562 50 22043
                         
Trusopplæringa:
3562 07 01910

Haga kyrkje:
3562 71 03172

Ådland kyrkje:
3530 20 80664

Skuleprosjekt i Zambia:
3530 21 38786



 

If not for love

Vel møtt til konsert med songar frå Johnny Cash sitt repertoar.

Fredag 15.mars kl.19.30 i Haga kyrkje.

Laurdag 16.mars kl.18.00 i Eikelandsosen Bedehus.

Dei fleste har nok høyrd songar som  «Man in black», «Folsom prison blues» og «I walk the line». Men kanskje ikkje alle visste at Johnny Cash hadde mykje av sin bakgrunn i salme- og gospelsongen. Og heile livet framførde han songar med ein kristen bodskap – også i dei meir røffe periodane. Mange av desse songane er i countrystil. – Når Cash t.d. syng om «den gode hyrdingen», syng han om  «The greatest cowboy of them all». I songane hans er humor, engasjement, naud, depresjon, kjærleik og levd liv. Dei er mangfaldige som mannen sjølv.  
   «The man in black»  hadde eit stort hjarta for dei som hadde det vanskeleg og kvidde seg ikkje for å ta det opp på høgaste politiske hald. Han song like gjerne protestsongar  i «Det kvite hus» som i eit fengsel. Han kunne sjølv ha vorte ein av desse som enda opp på ein parkbenk eller bak murane. Det var kjærleiken som berga han, seier han gjennom tittelsongen på prosjektet: «If not for love».  
  
Solistar er Knut Inge, Benjamin og Linn Borgny Røen og bandet «Sjansespel» frå Fusa og Samnanger spelar.

Dette er det siste korprosjektet Anne-Lise og Eilert Tøsse står føre som organistar, i og med at dei sluttar i stillinga til sommaren.

Kollekt ved utgangen.

Vel møtt!

  
Av: Bente Dyrøy Bødker   Publisert: 29.01.2019
 

Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER
18 August
11:00 Gudsteneste i Haga Kyrkje
25 August
11:00 Gudsteneste, Ådland kyrkje
01 September
11:00 Gudsteneste i Haga Kyrkje
08 September
11:00 Andre kulturarr. i Haga Kyrkje
15 September
11:00 Gudsteneste i Haga Kyrkje
22 September
17:00 Gudsteneste, Haga kyrkje
29 September
11:00 Gudsteneste i Haga Kyrkje
06 Oktober
11:00 Gudsteneste, Ådland kyrkje
20 Oktober
11:00 Gudsteneste i Haga Kyrkje
27 Oktober
11:00 Gudsteneste, Ådland kyrkje

Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
Dagens bibelord
Størst av alt
Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Samnanger Sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no