Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Kyrkjevalet

Valet er vel overstått. 255 personar stemte ved kyrkjevalet i Samnanger.

255 personar stemte ved kyrkjevalet i Samnanger. Det er berre 15% av kyrkjemedlemene, og ein nedgang på fem prosentpoeng frå året før.

Dette er det nye soknerådet:

Medlemer:

Anlaug Røen Hauge
Hilde M. Aarvik
Inger E. Odland
Johannes S. Bruvik
Monica Tjønna
Gullborg K. Aasgaard

Varamedlemer:

Knut Inge Røen
Anne Gerd Tandstad
Fred Morten Ervik
Eva Hellevang
Reidun Tunes

Bispedømerådet
Når det gjeld valet til bispedømeråd, var det 164 som stemte i Samnanger og to av dei stemte blankt. Fordelinga mellom listene var slik:
Bønelista: 46 stemmer  (28% av stemmene)
Nominasjonskommiteen si liste: 64   (39% av stemmene)
Open folkekyrkje: 52   (32% av stemmene)

Valet i bispedømet vert endeleg tald på Bispedømekontoret etter at alle stemmene som er sende er komne inn. Følg med på kyrkja.no for resultat.

Tidlegare info lagt ut om valet:
Den 9. september er den store valdagen til hausten. Då skal ikkje berre kommunestyra veljast, men også sokneråda.

Kyrkjevalet finn stad frå kl. 10.00 - 20.00, i dei same bygningane som kommunevalet, men i eigne rom.
 
Valstader:
Tysse - Samnanger ungdomsskule - Biblioteket (hovudinngangen og til venstre)
Gjerde - Nesodden bedehus - på kjøkkenet
Nordbygda - Biblioteket - møterom

 Førehandsrøysting: Kyrkja på Haga i kontortida og torsdag 29.aug. og torsdag 5.sept. kl. 17.00 - 20.00

Me har ikkje fått inn fleire framlegg til valliste enn den eine som soknerådet står inne for. Dermed vert det såkalla fleirtalsval. Det betyr at det du kan vera med å bestemma, er kven av dei som står på lista som skal veljast inn i soknerådet (6 stk), og kven som skal vera varamedlemer. (5. stk.) 

Listeframlegg ved val av sokneråd 9. sept. 2019 – Samnanger sokn:

1. Hilde Maraas Aarvik, 1963, Gjerde
2. Anlaug Røen Hauge, 1947, Rødne
3. Gullborg Marie Kongestøl Aasgaard, 1958, Eikedalen
4. Inger Elisabeth Odland, 1952, Lauvskar
5. Knut Inge Røen, 1950, Rødne
6. Reidun Tunes, 1951, Rolvsvåg
7. Johannes Bruvik, 1976, Ådland
8. Monica Tjønna, 1973, Eikedalen
9. Anne Gerd Tandstad, 1965, Ytre-Tysse
10. Eva Hellevang, 1947, Haga
11. Fred Morten Ervik, 1969, Totland
12. Tor Jellestad, 1962, Reistad

Her kan du sjå valbladet med presentasjon av dei enkelte kanditatane: Valblad 2019.

Kva gjer dei på?
I kommunar med fleire sokn, har kvart sokn sitt sokneråd. Så har kvar kommune eit fellesråd med representantar frå alle sokna og ein som er vald av kommunestyret. I Samnanger har me berre eit sokn, difor er vårt "fellesråd" soknerådet med ein kommunal representant i tillegg. Me kallar det kyrkjestyre. Desse to råda har ulike oppgåver.

Soknerådet sine oppgåver: 
• Skal "vekkja og næra det kristelege livet i soknet" i følgje kyrkjelova §9 
• Ansvar for strategisk utvikling i kyrkjelyden. 
• Vedtek mål og planar for soknet t.d. trusopplæringsplan, diakoniplan og plan for kyrkjemusikk 
• Organiserer aktivitetar i kyrkjelyden
• Vedtek lokal grunnordning for gudstenestelivet 
• Vedtek føremål for kyrkjeofringar 
• Forvaltar innsamla midlar til lokalt arbeid 
• Har ansvar for bruk av kyrkjene. 
• Førebur saker for kyrkjelydsmøtet 

Kyrkjestyret sine oppgåver: 
• Ivaretek soknet sine interesser i høve til kommunen 
• Har ansvar for bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar. (Gravplassen  vert i Samnanger drifta av kommunen.) 
• Er arbeidsgjevar for dei som er tilsette i kyrkja 
• Forvaltar statlege og kommunale tilskot. Styrer planprosessar  
• Skaffar og driv kyrkjekontor. 

For valet til bispedømerådet (og kyrkjemøtet), kan du lesa meir i valbladet vårt (link over)  eller på kyrkja.no

Publisert av: Britt Haukanes den 11-09-2019
KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: