Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

ZAMBIA-PROSJEKT

Zambia skuleprosjekt

Frå kontakten med Zambia kom i gang rundt 2001, har Samningar vore med og støtta fengselsarbeid, rettshjelp, husbyggjing og no skuleprosjekt! Fantastisk at me kan vera med å gjera livet betre for fattige menneske! Fantastisk at dei igjen kan vera med å gjera livet betre for menneska rundt seg. Ei utruleg utvikling har det vore desse åra!

Ein heil perm med brev frå perioden med fengselsarbeid, ligg i kyrkja på Haga til gjennomsyn for dei som er interesserte.

Då Frazer Siansengo slapp fri etter 11 år i eit av verdas verste fengsel, sette me i gang eit husprosjekt saman.  Tomt vart kjøpt inn, og huset bygd.  Her bur no Frazer med kona Matildah og deira tre barn, Frazer jr (8) og Lydia Grace (4) og Joshua (3).  Mor hans, Emmah, eig huset og bur i den andre delen.  (Utgangspunktet for husprosjektet var at hennar hus vart tatt av ein flaum medan Frazer framleis sat i fengsel og ikkje kunne hjelpa henne.)  Dette gjer at dei kan bruka pengane dei tener til mat i staden for husleige.  På denne måten blir det meir enn eitt måltid om dagen for familien. Emmah selde fisk tidlegare, men er no blitt så gammal at ho ikkje klarer å jobba meir. Frazer sel musikk cd–ar på marknaden.  Matildah er heime med barna, men drøymer om å opna eigen frisørsalong.

I 2004 vart den frivillige organisasjonen "Soul X Ministries" starta, med utgangspunkt i ei bønegruppe som mor til Frazer er med i.  Soul X Ministries har drive fengselsarbeid og hjelpt andre trengande i slummen der dei sjølv bur.  Det er gratis å vera medlem, men medlemene pliktar å hjelpa andre så godt dei kan, og å støtta dei prosjekta som vert drevne.  Dei får også eit månadleg " nødhjelpsfond" som medlemene kan nytta viss det t.d. er bruk for legehjelp, ved dødsfall eller andre kritiske situasjonar.  Fondet blei oppretta etter at to av medlemene døydde av sjukdom som kunne vore kurert om dei hadde hatt pengar.  Den eine var ei jente på 16 år, og den andre ein familiefar med mange barn. 

I våren 2010 blei så "Faith Academy Trust School" stifta av  Soul X Ministries i slummen Kanyama i Lusaka, hovudstaden i Zambia. Dette er ein milepæl for den vesle frivillige organisasjonen som hjelper dei som er enno fattigare enn dei sjølve. Initiativet til skulen kom frå dei, og Samnanger kyrkjelyd støttar skuleprosjektet med konfirmantaksjon, gjevarteneste og kyrkjeoffer.  Larry Muhandu, ein av medlemene og ein god  venn av Frazer og familien, har starta skule før, og denne er framleis i drift.  Han har såleis vore vår konsulent i prosjektet.  Planen er å få skuledrifta til å gå med eit overskot som dei igjen vil bruka i fengselsarbeidet som dei også driv framleis, om enn i endra form.  No er det Sentralfengslet i Lusaka som har deira fokus.  Det vart for langt å reisa heilt til Kabwe, som ligg 120 km borte.

Skulen starta opp med 15 elevar i våren 2010, men med hjelp av faste gjevarar frå Samnanger har elevtalet auka til rundt hundre i 2014. Skulen er også no godkjend av styresmaktene i Zambia.  

Skulen held til i leigde lokale som Soul X Ministries sine medlemer har pussa opp og innreia til klasserom.  Dei elevane som har råd til det betaler graderte skulepengar på mellom 50 og 100 kr pr månad.  Nokre har friplass pga dårleg økonomi hjå foreldra eller dei som tar seg av dei.  (Her er mange foreldrelause barn i slummen.)  For desse pengane får dei altså undervisning, uniform, bøker og materiell, og varm lunsj kvar skuledag, noko som for mange av dei betyr at dei får dobbelt så mange måltid som dei elles ville fått!

Kvart år har skulen ein ekskursjon til Mundawanga, der det er botanisk hage, dyrepark og stor leikeplass.  Ekskursjonen er ein del av naturfagundervisninga.  Faith Academy Trust School tar også del i ulike arrangement som er felles for skulane i Kanyama–slummen.  

Barna har sine eigne morsmål og det finst 73 ulike stammespråk i Zambia, og i slummen er mange av dei representerte.  På skulen lærer dei engelsk, og det er også opplæringsspråket.  Ein stor del av folket i Zambia brukar også swahili som felles språk.


KALENDER

søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 23 juni
Haga kyrkje
søndag 7 juli
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: